Texas Clearbody

No Slides Entered.

Forfatter: NUK

Texas Clearbody( TC)

Kjønnsbunden recessiv arv.

TC er ein allel til ino. Likevel har TC svarte auger. Teikningane er nesten som hos ein normalteikna, men hos TC er slagfjørene lys-grå. Kroppsfargen er også nedbleika i forhold til ein nt. Ofte ser vi at den er lysast øvst på brystet og så mørknar den gradvis på nederste delen av kroppen og på gumpen. Fargeintensiteten skal ikkje overstige 50% av det ein normalteikna er.

Set ein TC og ino i lag, er TC dominant for ino. Dette betyr at ein ino ikkje kan ver splitt TC og *maskere» den, slik den kan gjer med andre mutasjonar. TC kan ver splitt ino.

Ein normalteikna kan ikkje ver splitt for både ino og TC.

Den har også lik arv som ino til dei andre raudaugde, -isabell og lw.

Sjå skjema for arv ino, isabell og lacewing.


Nokon av TC`ane er heilt gul, men dei klassiske svarte bølgeteikningane og lys grå slagfjører. Dette er ein grågrøn fugl.

Den som er lys grå og ikkje langt frå kvit, er ein grå fugl.

Hos dei andre fargane i grøn og blå, vil vi sjå den opprinnlege fargen,-tydlegast på gumpen.


Kroppsfarge: den kan variere i intensitet frå ikkje farge og opp til nærmare 50 % av den

normale kroppsfargen. Den skal då gå gradvis frå lysast frå øvre bryst og

djupast intensitet i fargen ved gumpen, der fargen er sterkast.

Bølgeteikningar: ved kinn, bakhovud, nakke og vingar, svart med veldefinert kvit eller gul kant

på fjørene.

Slagfjør: lys grå.

Kinnplettar:Viole. Blågrå hos grå og grågrøne

Vokshud: blå hos hannar. Kvit-blå-brun hos hoer

Auger: svarte med kvit irisring

Halefjør: mørk blå. Svart hos grå og grågrøne.

Føtter: ujamn blågrå


Parringsskjema

Kjønnsbunden recessiv arv

1.0 hanx 0.1 ho= forventa ungar


Ino han × Tc ho =

50% Tc/Ino han, 50% Ino hoer


Tc han × Ino ho =

50% Tc/Ino han, 50% Tc hoer


Tc/Ino han × Ino ho =

25% Tc/Ino han, 25% Ino han , 25% Tc hoer, 25% Ino hoer


Tc/Ino han × Tc ho =

25% Tc han, 25% Tc/Ino han , 25% hoer , 25Tc % Ino hoer



Normal/Tc han × Ino ho =

25% Normal/ Tc han, 25% Normal/Ino han , 25% Tc hoer, 25% Normal hoer

Tc han × Normal ho =

50% Normal/Tc han, 50% Tc hoer


Tc/Ino han × Normal ho =

25% Normal/Tc han , 25% Normal/Ino han, 25% Tc hoer, 25% Ino hoer

Normal/Tc han × Tc ho =

25% Normal/Tc han, 25%Tc han , 25% Tc ho, 25%Normal ho


Normal/Tc han × Normal ho =

25% Normal/Tc han, 25% Normal han, 25% Tc ho, 25% Normal ho


Normal han × Tc ho=

50% Normal/Tc han, 50% Normal ho


Tc han × Tc ho =

50% Tc han, 50%Tc ho


Normal/Ino han x Tc ho=

25% Tc/Ino han, 25% Normal/Tc han, 25% Ino ho, 25% Normal ho.


NB. Lacewing ( lw) kan settast inn i staden for ino


Related Projects