Danskbroka

No Slides Entered.

Forfatter: NUK

DANSKBROKA (db)

Recessiv arv

Store delar av fuglen er enten gul eller kvit. Kroppsfargen skal helst ver på nedre del av brystet, buk og underrygg med ei distinkt horisontal delingsslinje mellom det gule/kvite og kroppsfargen.

Idealet er at fargen skal ligge som eit breidt belte rundt den nederste delen av fuglen. Ovanfor beltet skal den ver rein kvit eller gul.

Vingane har mørke plettar med bølgeteikningar som er uregelmessige i utbredelse, men dei svarte teikningane skal ikkje dekke meir enn 10-20% av vingen. Ofte ser ein at hoer har meir teikningar både på kroppen og vingane enn det ein hanne har.

Der australskbroka skal ha ein tydeleg markert nakkeflekk, har danskbroka lite teikningar i hovudet og nedetter nakken. Men dei skal ha bølgeteikningar rundt auget, om enn uregelmessig, og på issen. Krona skal ver fri for bølgeteikningar. Ein vanleg feil er teikningar heilt fram til vokshuda.

Halefjør og slagfjør skal ver gul/kvit. Svært få danskbroka har dei regelmessige teikningar/utbredelse av farge.

Der dei aller fleste mutasjonane som er vanleg i Noreg har synleg kvit irisring, har danskbroka mørk irisring og vi oppfattar auget som heilt svart.

Vokshuda til hannane vil heller aldri bli blå, men ha ein rosalilla farge heile livet.

Ofte kan ein ikkje sjå om ein fugl er splitt for eit gen. Danskbroka har eigenskapen med å kunne sette eit lite teikn for splitten. F.eks kan ein normalteikna få 3-4 lyse fjør i bakhovudet som eit teikn på den ber på genet for danskbroka.

Som hos andre recessive mutasjonar, bør ein ikkje sette i lag to danskbroka, då det går ut over størrelse og kvalitet.


Kroppsfarge: uregelmessige plettar med kroppsfarge på nederste del av kroppen

Bølgeteikningar: tilfeldig og uregelmessig mønster, flekkvis på kinn, rundt auger, litt i bakhuvud og

nakke samt vingar. Teikningane skal ikkje dekke meir enn 10-20% av det totale vingeområdett.

Vokshud: rosalilla hos hannar, blåkvit-brun hos hoer

Auger: svarte utan synleg kvit irisring

Kinnplettar: viol til sølvaktig blå, eller ein kombinasjon. Grå til sølvaktig hos grå og grågrøne

Spottar: ingen krav om spottar

Nebb: oransje

Slagfjør: gule eller kvite

Halefjør: gule eller kvite

Føtter: rosa/hudfarga



Recessiv arv


db x db = 100% db


normal x normal/db = 50% normal, 50% normal/db


db x Normal = 100% Normal/db


db x Normal/db =50% db , 50% Normal/db


Normal/db x Normal/db = 50% Normal splitt db , 25% db, 25% Normal


Related Projects