Australskbroka

No Slides Entered.

Forfatter: NUK

Australskbroka ( ab)

Ufullkomen dominant.


Dette er ein mutasjon som har ufullkomen dominant arv. Ufullkomen dominant arv er at fuglen forandrar utsjåande i enkeltfaktor til dobbeltfaktor.

I dobbeltfaktor vil den miste mykje av kroppsfargen og den vil ikkje ha det tydelege bandet litt nede på bringa, slik dei skal ha.

Det vil også påverke bølgeteikningane frå hovudet og til vingane, der bølgeteikningane kan opptre berre sporadisk, utan fast mønster. Som ungar kan ein australskbroka i dobbeltfaktor kunne forvekslast med ein danskbroka.


Vanlege feil på ein australskbroka er svarte halefjør. Innslag av svart på slagfjørene, manglande spottar og uregelmessig mønster frå brystet og nedover.


Kroppsfarge: -rein kroppsfarge som hos nt, men med eit tydelig band i kvit eller gul farge tvers over bringa, like ovanfor låret. Band og evt kvite eller gule flekkar skal ikkje utgjer meir enn maksimalt 50 prosent av kroppen.

Maske: -rein gul eller kvit, uten innslag av svart oppe på krona.

Nakkeflekk: -gul hos grøne fuglar, kvit hos blå

Bølgeteikningar: -kinn, bakhovud, nakke og vingar, ( sjå slagfjører ) svarte tette bølgeteikningar som hos den normalteikna ( men med nakkeflekk)

Vokshud: -blå hos hannar, kvit-blå til brunleg hos hoer.

Auger: -svart med kvit irisring

Kinnplettar: -viol. Gråblå hos grå og grågrøn

Slagfjør: -gul hos grøne og kvit hos blå

Halefjør: -gul hos grøne og kvit hos blå ( også hos grågrøne og grå)

Føtter: - blågrå spragla til rosa eller ein kombinasjon av desse.



Parringsskjema

Ufullkomen Dominant


EF = enkeltfaktor. DF = dobbeltfaktor.

EF ab x Nt = 50% EF ab, 50% Nt
EF ab x EF ab = 50% EF ab, 25% Nt, 25% DF ab
DF ab x Nt = 100% EF ab
DF ab x EF ab = 50% DF ab, 50% EF ab
DF ab x DF ab = 100% DF ab


Related Projects